onsdag 6. februar 2008

Kva er ei filmannmelding?

Ei filmannmelding er meir enn ei umiddeleleg meining om ein film. I filmannmeldinga skal det vera gode grunningar og formuleringar. Det må vera proffisjonelt og journalistisk språk, analysen må bære vitskapspreg og må vera skrevet med litterære hjelpemidlar. I ein filmannmelding prøver analetikaren å overbevise lesaren på ulike måtar. Det er tre metodar som er ofte brukt:

Logos: Bevise lesaren ved hjelp av logiske hjelpemidlar, som god argumentasjon.
Ethos: Avmeldaren spelar på si truverd og autoritet.
Pathos: Det vert spela på følingar og stemningar.

Ein filmannmelding oppfyller fleire oppgåver for lesaren. Ein filmannmelding er ofte både ei form for:
o Nyheitsformidling:
Kva tid har filmen premiere, handlar filmen om noko i ditt nærmiljø?
o Kritisk forbrukarveilredning:
Det blir lagt fram eit produkt og vurdering av produktet.
o Leseservice:
Rappotasje til lesaren av ein som har sett filmen.
o Underholdning:
Det vert ofte bruka humor i ei filmannmelding.
o Sladderfunksjon:
Den negative tilbakemeldinga kvalifiserar seg som godt sladder.
o Inspirasjon og vitskaps kjelde:
Avmeldaren stiller sin kunnskap til rådskap for lesaren.


Det er og visse reglar for kva ein filmannmelding bør innehalda, bl.a:
o Handlingsreferat:
Her skal det verta gitt informasjon om handlinga til filmen, utan å røpa for mykje. Det kan ofte verta gjort på ein underhaldande måte der du refererer til filmen og prøver å gjengi noko av filmens stemning og atmosfære. Handlingsreferatet er som oftast i den fyrste halvdelen av filmannmelding.
o Perspektivering:
Filmen blir satt i ein større samanheng. Korleis er filmen i forhold til sjanger og kvalitet? Kva tema og moralar omhandlar filmen? Er han tradisjonell eller nytenkjande?
o Karakterisering:
Her vert det gitt ei tolking og analyse av filmen. F.eks: Kva visuelle effektar og metodar det har vorte bruka.
o Vurdering:
Her gir avmeldaren si vurdering av filmen. Vurderinga finn som oftast stad mot slutten av filmannmeldinga.

Desse punkta vert oftast fletta saman til ein samanhengande tekst.

Ingen kommentarer: