Eg tykkjar at dette er eit interessant tema som det er vanskeleg å seie ja eller nei til. Ordninga i dag, der du kan stemma ved stortingsval når du er norsk statsborgar over 18 år, og ved kommune og fylkesval når du er 18 år og har vore i Noreg i 3 år eller meir, tykkjer eg er bra.
Om aldersgrensa burde verta senka til 16 år ved kommune og fylkesval, er derimot eit spørsmål eg kan reflektera mykje rundt. Sjølv tykkjer eg det hadde vore ein bra ting å få vera med å bestemma meir i kommunen min. Men samstundes ser eg veldig klart utfordringa som kjem me ei senka aldersgrense. Mange 16-17 åringar er verken modne nok, har eit stort nok partibilete (at dei ser meir enn bare kva partia meinar om kollektivtilboda for unge, mindre skuletimar og tilgang på sprit, etc.) eller er i det heile tatt engasjerte nok til å veta kva dei vil stemme. Eg kan tenkja meg det blir eit nokså likt utfall som nå, bare med fleire stemmer, sidan eg trur ungdommar flest vil stemma det same som foreldra gjer. Det er og godt mogleg at mange ikkje ville bruka stemmeretta si.
Ein tanke kunne vore å ha meir politisk informasjon i skulane. Dermed ville 16 åringar veta betre kva parti som passar for deira synspunkt.
Ei lågare aldersgrense ved stortingsval er eg imot. Kanskje den heller burde vorte heva?
Det er ein skremmande tanke at personar som ikkje veit noko særleg om kva dei forskjellige partia står for, skal få lov å bestemma korleis stortinget skal verta samansett og korleis landet vårt skal verta styra. Dersom du ikkje har innsyn i politikken og partia, burde du, etter mi meining, ikkje stemme.
Samstundes er det eit fritt demokrati i Noreg og me kan ikkje nekte folk å stemme, heller ikkje dei med manglande kunnskap om kva partia står for.
Konklusjon: Aldersgrensa bør framleis vera 18 år ved stortingsval, men senkast til 16 år ved kommune og fylkesval, dersom det vert meir informasjon om politikk i skulen.
tirsdag 11. september 2007
mandag 3. september 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)