tirsdag 27. november 2007

Tankar rundt dagens reklame

Reklamen nå til dags har mista mest all verdigheit. Reklamen fokuserar mindre og mindre på produktet det prøvar å promotere, og meir og meir på dei lettkledde modellane. Kvifor? Samfunnet i dag har fokus på det perfekte. Ingenting er godt nok lenger. Reklame og media visar samfunnet korleis me ”bør” vera. Eg trur dette har størst verknad på jenter, spesielt i ten- og 20 åra. Ei spørje undersøking som er trykka i Naturfag 5 visar oss urovekkjande tal. Her går det fram at 60% av 18 år gamle jenter i tenåra tykkjer dei er for tjukke. Den seier og at 40% av 13 år gamle jenter tykkjar dei er for tjukke. Dette er skandaløst.
Kvifor tykkjar dei det? Fordi det dei ser i media og i reklamar fortel korleis dei ”bør” vera: Tynne, Sexy, Perfekte.

Nedanfor er det avbilda to reklame plakatar. Dette er eit godt eksempel på korleis nokre reklamar fokuserar på vakre modellar, sensualitet og seksualitet, medan nokre fokuserar på det produktet er, ei såpe. For å vera ærleg kjente eg at eg vart glad når eg såg den sistnemnte. Eg ynskjar ei utvikling der me får tilbake den informative reklamen, som fokuserar på det produktet er og kva det gjer, og ikkje alt det andre.






1 kommentar:

Leif Harboe sa...

Tankevekkende tall om jenter og slanking. Dessverre tror jeg nok at slik ærlig reklame du viser, nok også i framtida vil være unntaket.